søndag 4. mars 2012

Praksisforteljing

Praksisforteljing

På småbarnsavdelinga er det ungar frå 1 år til 2 1/2 år.
I samlingar og elles har vi bl.a hatt fokus på kroppen vår og rim og reglar, gjerne i kombinasjon. Ein variant av det er regla "panneben, øyesten, nesetipp, munnelipp, haketipp, dikkedikkedikk (ungane vert kila under haka)
Runa, 1år og 9mnd, sit litt for seg sjølv i ein krok og leikar med ei dokke. Mari, som jobbar på avdelinga, registrerar at ho sit med dokka på fanget og pratar. Mari går nærmare og ser at Runa peikar på panna, augene, nesa, munnen, haka til dokka, mens ho "bablar". Til slutt kiler ho dokka under haka og seier "dikkedikk", ler og seier "mere"! Så byrjar ho på nytt.
Dette gjentar seg fleire gonger.
Etterkvart vert nokre av dei andre ungane merksame på kva Runa gjer, dei kjem bort i kroken der ho sit og viser tydeleg til Mari at dei vil ho skal ta regla på dei.Runa gir seg med dokkeleiken, men vert med dei andre.
Det vert ei latterfull stund i kroken.


Eigne refleksjonar

Det vert ein del synsing og gjetning når ein skal analysere ei praksisforteljing syns eg. Ingen kan vite kva Runa tenkjer eller vil med denne aktiviteten, men her er mine tankar rundt dette, ispedd litt litteratur.


Eg syns denne praksisforteljinga viser tydeleg at ungane på småbarnsavdelinga får med seg meir enn vi vaksne av og til trur. Denne regla har vi akkurat byrja med og hatt den 4-5 gonger i samling, og litt meir med nokre ungar utanfor samling. Den fenga med ein gong. Dei er med og peikar på kroppsdelane sine og syns det er kjempestas visst vi kilar dei under haka tilslutt.Dei fleste, bl.a Runa, vil gjedne at vi gjentar regla fleire gonger og seier då "mere". Ein kjempefin måte å lære om kroppen sin! I rammeplanen står det at "gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne".


Runa hadde funne seg ein plass på "madrassofaen" vi har i ein krok på avdelinga. Ho ville kanskje ha litt plass for seg sjølv og dokka. Då dei andre ungane kom bort til ho ga ho seg, men ville gjedne vere med då Mari tok regla på dei andre ungane. Eg trur det er viktig å ha stor nok plass/tilrettelagd plass på avdelinga til at ungar kan trekkje seg litt unna dei andre og gjere noko for seg sjølv. I rammeplanen står det at "småbarn har stort behov både for tumleplass ute og inne og plass til ro og konsentrasjon".


Runa har ikkje leika så mykje med dokker før, men har akkurat vorte storesyster, og det ser ut som om interessen for dokker har auka etter det. Ho fylgjer kanskje med heime mhp stell osv, og ho har vel ein form for rolleleik med dokka. I boka "Barndom, barnehage, inkludering" står det at: "man kan kanskje si at "late som leken" eller rollelek betraktes som en god lek fordi man, ifølge Sutton-Smith(1997), har sett for seg at barn øver seg på å bli voksne i denne leken. I same boka meiner derimot Gadamer at "leik berre skjer" og at det å leike derfor ikkje vil utvikle ungar til å verte som oss vaksne. Dette viser at det er svært ulike meiningar om same tema i teorien.


Det er også viktig at vi vaksne på avdelinga er aktive og ser små og store hendingar i ein hektisk kvardag, slik som Mari her gjorde. Dette er kanskje særleg viktig på ei småbarnsavdeling, der dei fleste ikkje har (forståeleg) språk, men brukar kroppspråket aktivt. I boka "Småbarnspedadogikk og praksisfortellinger" står det at det er grunnlag for å tru at kunnskapen om små barn og deires mangfoldige liv er mangelfull og: "derfor er det en utfordring for personalet å utvikle barnehagens pedagogiske innhold slik at det møter de yngste barnas behov og særegne væremåte". Det er derfor viktig at det å jobbe på ei småbarnsadeling ikkje vert ei "sovepute", men at ein tvert imot har auger og øyrer opne heile dagen og lærer seg å kjenne/lese dei minste i barnehagen som ikkje verbalt kan uttrykkje seg.


Stunda utvikla seg til å verte ei positiv oppleving for heile barnegruppa. I rammeplanen  står det bl.a:"Barnehageinnhaldet skal utformast slik at både det enkelte barnet og gruppa opplever det som meiningssfylt. Omsorgs-og læringsmiljøet i barnehagen skal fremje trivsel, livsglede, meistring og kjensla av eigenverd hjå barnet". Eg føler vi har fått til akkurat dette med denne enkle regla.


Denne forteljinga viser at temaet kroppen/reglar fengjar ungane, og at vi dermed bør jobbe meir rundt dette. I Rammeplanen står det at: "ei veksling mellom bruk av kropp, rørsle, og ord er ei støtte for talespråkutviklinga". Det vi har merka på avdeliga etter at vi byrja med denne regla, er at ungane peikar på f.eks munnen, så svarar vi at "der er munnen din", og då prøvar dei å seie "munnen". Det ser ut til at dei syns det er artig å lære, sjølv om det for dei kanskje berre er leik?   

Referanseliste

Fennefoss, A.T. og Jansen K.E.(2010): Småbarnspedagogikk og praksisfortellinger, pedagogisk dokumentasjongjennom tolkning og analyse

Korsvold, T.(red) (2011): Barndom, barnehage, inkludering

Kunnskapsdepartementet (2011): Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar