Innleiing
I Slidre barnehage der eg jobbar er det 54 ungar
fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling for ungar frå 1år til litt over 2
år, kalla Knerten, og to avdelingar med ungar i alderen 2-6 år, kalla Spretten
og Raketten.
Eg byrja i barnehagen august 2011 og jobbar på Knerten.
Det går til saman 10 ungar på Knerten, og vi er 4 vaksne med ulik
stillingsprosent som jobbar der.
Var innom litt ulike temaer før eg bestemte meg.
Tenkte fyrst på "ungar 1-2år og utetid". Fyrst og fremst fordi eg
syns utetid er viktig, men og fordi vi fekk ei grillhytte i barnehagen i haust
som vi på småbarnsavdelinga har vorte flinke til å bruke. Klarte ikkje heilt og
tenkje problemstilling/avgrensing av temaet, så droppa den tanken.
Var og inne på tanken "ungar 1-2år og kontakt med
dyr". Dette fordi eg sjølv er veldig glad i dyr og meiner dyr/menneske
relasjonar er viktig. Sidan det er lite med gardar i umiddelbar nærleik til
barnehagen, og dyra ikkje hadde kome ut på beite i "forsøksperioden",
så la eg bort den tanken også.
Valet fall til slutt på at ungane på småbarnsavdelinga
der eg jobbar skal vere meir deltakande rundt matbordet i barnehagen.
Grunnlaget for det er at det på dei to andre
avdelingane i barnehagen er vanleg at ungane er med på gjeremåla rundt
matbordet, og eg tenkte at det hadde vore spanande å prøve på dei minste og.
Ikkje minst for å gje dei minste litt fleire utfordringar i kvardagen.
I barnehagen er det kvar dag ein unge på kvar avdeling
som er hjelpejente/gut. Tidlegvakta heng då opp eit skilt på plassen til den
som er dagens hjelpar. På
Knerten har oppgåvene til hjelpejenta/guten vore å
gå med ryddesignal(som er triangel), bestemme matsong frå eit matsonghefte, og
gå med frukt.
På dei øvrige avdelingane har oppgåvene vore litt
fleire, t.d. å hente mattralla på kjøkkenet, dekke på, telle opp før matsong,
gå med frukt.
Eg hadde lyst til å sjå om hjelpejenta/guten på
Knerten kunne få fleire oppgåver rundt matbordet.
Funderte ei stund på kva overskrifta/problemstillinga
på dette prosjektet skulle vere. Sidan det er ein del fokus på ungar si
medverknad i dag, så tenkte eg at det hadde sett fint og flott ut å ha med. I
rammeplanen står det bl.a. at ungane skal ha rett til medverknad tilpassa sin
alder og forutsetjingar. Men etter litt teorilesing og diskusjon med veiledar,
fann eg ut at eg følte ordet deltaking vart riktigare for meg å bruke. Orda er
brukt litt om kvarandre, og eg kunne nok brukt medverknad òg, men føler at
sidan ungane er såpass små, har dei ikkje vore med på ei demokratisk avstemming
der dette temaet "vann", det er eg som har bestemt kva dei skal få
vere med på og ikkje. Fann derfor ut at ordet "deltaking" var eit
meir passande ord. Dei har delteke på gjeremåla rundt matbordet.
Problemstillinga mi vart til slutt: "Korleis
leggje til rette for meir aktiv deltaking rundt matbordet for ungar
1-2år?"
Det som er spennande med dei minste ungane i
barnehagen, syns eg, er at sjølv om dei fleste ikkje har så mykje språk, så får
dei med seg mykje meir enn det vi kanskje trur, og det overraskar meg stadig
vekk. Vi vaksne trur gjerne at vi må hjelpe dei med det meste (til dømes løfte
dei opp i stolen), og vi tek fort avgjerder for dei (til dømes kva dei skal ha
på brødskiva). Eg hadde lyst til å sjå på kva ungane kan vere med å gjere og
bestemme sjølv, og ikkje minst om dei viste interesse og lyst til å vere med
meir sjølv.
Problemstillinga mi er ganske konkret og avgrensa, men
rundt den timen mat står på programmet er det veldig mykje som skjer og mykje å
ta tak i. Læring, grov og finmotorikk, språkutvikling, hygiene, mat (prøve
forskjellige ting), telje, matte, vente på tur/turtaking, lære seg og dele,
sjølvskjensle er nokre av punkta som går inn i prosjektet her.
Det var ikkje så mykje forarbeid som skulle til for å
få utførd dette utviklingsprosjektet. På avdelingsmøte kom eg med mine tankar
rundt prosjektet, og dei andre vaksne på avdelinga var positive til forslaget
mitt. Dei hadde også prøvd dette før med at ungane er meir deltakande på
vårparten når ungane har gått ei stund i barnehagen.
For å utføre
prosjekt må alle dei vaksne på avdelinga vere med i prosessen. Det viktigaste
tiltaket, føler eg, var at alle dei vaksne måtte vere bevisste på at ungane
skulle få delta meir.
Eg satt opp ein del punkt som vi vaksne skulle vere
bevisste på å gjennomføre:
-Hjelpegut/hjelpejente
skal:
Vaske hendene fyrst
Vere med å hente tralla med mat og bestikk på
kjøkkenet
Vere med å dekke på
Seier ifrå til dei andre ungane, som har samling, at
maten er klar
Bestemme matsong frå matsongheftet, og teller opp før
song
Går med frukt
Køyre tralla inn på kjøkkenet etter mat
-Alle
ungane etter samling
Dra opp genseren sjølv, vera klar til vask av hendene
Stille seg i kø ved vaskerenna
Ta på såpe sjølv, vaske seg og tørke hendene sjølv
-Alle
ungane ved bordet
Finne sin eigen stol (alle har sitt bumerke og namn
bak på stolen sin)
Kome seg opp på stolen sjølv (i alle fall dei utan
bøyle på stolen)
Hendene i fanget ved matsong
Forsyne seg med brød sjølv
Smørje smør på brødskiva, velje pålegg
Helle i mjølk sjølv
Vi vaksne må prøve å vere bevisste på at ungane kan
prøve seg på nokre høfligheitsfraser som "takk", "kan eg
få", kan du sende, "takk for maten" o.s.b. (Dette gjeld jo ikkje
så mange av dei, sidan dei fleste har begrensa språk, men viktig at vi vaksne
brukar desse orda!)
-Alle
ungane etter maten
Seie takk for mat
Gå ned av stolen sjølv
Rydde bort tallerken/kniv/kopp og setje dette på
tralla
Det viktigaste er at vi vaksne er bevisste på at
ungane kan få prøve seg! Det er veldig lett å "gå i fella" og berre
gjere ting for dei.
Det vart førd ein logg over spesielle hendingar som
skjedde. Utvikla ting seg negativt/positivt? Er ungane aktivt med? Nokre meir
enn andre? osv.osv.
Ungane på Knerten er ein herleg gjeng, og alle ser på
utfordringar ulikt. Nokre kastar seg ut i det, nokre ser ut til at dei aldri
har gjort anna enn å få utfordringar, mens nokre er meir skeptiske og lurer på
om dei i det heile skal tørre prøve noko nytt. Derfor var eg usikker på før eg
starta om alle ville ta imot utfordringane vi ga dei. Vi starta fyrste dagen
med å utføre alle punkta som nemnt over. Nokre av punkta var jo ungane vant med
å gjere, mens nokre var heilt nye. Det gjekk over all forventning!
Som nemnt vart det førd ei lita loggbok over
hendingar. I den står det at dei fleste
fyrste dagen sat kopp/asjett/bestikk på tralla sjølv- og det lyste stoltheit av
dei. Ein av ungane gjekk til og med rett bort til matsøpla og kasta
appelsinskalet sitt før han sette asjetten på tralla, utan oppfordring av oss
vaksne. Det som forundra oss litt denne dagen var at hjelpejenta ikkje ville gå
med frukt. Dette er ei av oppgåvene dagens hjelpar har hatt heile året, og
ingen av oss vaksne har opplevd at nokon har sagt nei til dette.
Dei neste dagane skjer det stadig forandringar, og
fellesnemnaren er at ungane viser at dei syns dette er kjempeartig! Det vert
meir stas å vere dagens hjelpar, med dei oppgåvene det har med seg, fleire går
uoppfordra til søppelbøtta og kastar restane på asjetten sin, og stabling av
koppar er stas. Nokre av ungane kan bumerke til alle dei andre ungane, og
hjelpar kvarandre gjerne med å finne rett stol. Samtidig er det også nokre av
ungane som syns det å finne bumerke sitt på stolen er vanskeleg. Det kan verte
mange rundar rundt bordet før dei finn rett stol, gjerne med litt rettleiing av
vaksen og berre ein ledig stol att. Fyrst etter 3 veker klarte alle å finne sin
eigen stol. Ei syns det å kome seg opp og ned frå stolen sjølv er rett og slett
skummelt. Men ifølgje loggboka klarar ho etter ei veke å kome seg fint opp og
ned av stolen sjølv, og er generelt flinkare til å prøve ting sjølv utan hjelp
av ein vaksen. Å stå i kø ved vaskerenna før vask er kanskje noko av det mest
utfordrande for alle. Det vert fort krangling, og alle ville fyrst i køen. Her
måtte det mykje vaksenhjelp til. Sidan det berre er 2 vasskraner fann vi ut at
vi ikkje kunne sleppe alle frå samling samtidig, men maks 4 om gongen, og at
det då vart berre 2 som venta på tur om gongen. Dette fungerte til tider bra.
Alt dette viser at ungar treng ulike utfordringar i
kvardagen og at gjeremål som er lett for nokon, kan vere vanskeleg for andre.
Eg føler at i dette prosjektet har det vore mange ulike utfordringar for alle, alle
har fått bryna seg litt. Vi vaksne har også fått utfordre oss, ikkje minst
fordi ungane og har vorte meir bevisste på kva dei vil klare/prøve sjølv. Har
vi til dømes prøvd oss på å smørje smør på brødskiva til nokre av ungane, har
vi fått rask tilbakemelding: «klare sjøl!».
Mange av ungane drakk av tutekopp før prosjektet, og
det var mykje leik og søl med desse koppane. På slutten av prosjektperioden
fekk alle ein dag vanlege koppar å drikke av. Vi var innstilt på mykje søl, men
alle drakk av koppane som om dei ikkje hadde gjort anna!
Vi har også erfart at det er viktig at vi vaksne
benemnar kva t.d. pålegget heiter når vi spør kva dei vil ha på brødskiva. Det
er lett å peike på diverse pålegg og seie: «vil du ha slik? Eller vil du ha
den? For dei som ikkje hadde godt språk samla vi gjerne ein del pålegg framfor
dei slik at dei kunne velje sjølv. Det same gjorde vi under pådekking, der kvart
pålegg som vart lagt på bordet vart nemnt med namn.
Det er ikkje berre rundt matbordet ungane har vorte
meir sjølvstendige. Mange av dei har vorte bevisste på å klatre opp på
stellebordet sjølv, prøve seg på do, og prøve seg på påkledning. Dette er jo ei
naturleg utvikling for dei fleste ungane, men ved å ha eit slikt prosjekt vert
både ungar og vaksne meir bevisste i forhold til å prøve sjølv og la dei prøve
seg sjølv. Det å opparbeide sjølvskjensle er viktig!
Det er ikkje alle punkt som er gjennomførd. Det å ta
på såpe sjølv vart for vanskeleg. Klemmemekanismen på såpehaldaren var for hard
til at dei greidde å klemme på den sjølv. Dette kunne vi gjort noko med ved å
bytte behaldar med enklare mekanisme, men sidan vaskerenna er i gangen der vi
kler på oss, og vatn generelt er veldig artig, fann vi ut at ulempene med mykje
gris av såpe vart større enn fordelane ved at dei kunne ta såpe sjølv.
Hadde og satt opp eit punkt om at dei skulle helle i
mjølk sjølv. Dette vart heller ikkje gjennomførd sidan mjølkekartongane er litt
vanskelege å halde i. Men dei var av og til med og heldt i han saman med ein
vaksen.
Det er heller ikkje alle dagar det er lett å
gjennomføre det ein har tenkt. Ein barnehagedag er aldri lik, og nokre dagar er
meir utfordrande enn andre. Det er og slik at vi vaksne er forskjellige, og
nokre er meir bevisste på korleis ein brukar eit slikt prosjekt til det beste
for ungane og seg sjølv, enn andre.
Det var viktig for meg at temaet eg valde var til det
beste for ungane. Sidan ungar i 1-2 års alderen som oftast er veldig
utforskande og lærevillige, og at dei større ungane syns det å hjelpe til er
stas, så var eg ganske sikker på at dette kom til å verte bra. Men sidan ungane
ikkje har vore med og bestemt, og at ungar er ulike, var det ein viss risiko
for negativ respons.
Det viste seg jo å verte ein fulltreffar med uante
mange læringssituasjonar! I rammeplanen står det óg at:
"Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen
støtte oppunder og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning.
Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet og heng nært
saman med leik, omsorg og danning. Barn kan lære gjennom alt dei opplever og
erfarer på alle område."
Når ein byrjar å lese og setje seg inn i teorien ser
ein at ein kunne skrive mykje om mange tema knytt til denne oppgåva. Eg har
prøvd å skrive litt om noko av det eg meiner er viktig.
Då vi skulle finne inspirasjon til påskepynt fann
pedagogisk leiar eit blad, Verktøykassa, med mykje fine idear i. Då eg bladde
litt vidare i bladet fann eg ein artikkel med overskrift: «La de minste klare
det selv». Det var midt i blinken for mitt prosjekt!
I artikkelen står det at:
_"Barn har stor tilpasningsevne,
og dersom de behandles som passive gjenstander for de voksnes effektive
omsorgsrutiner, kan de fort lære seg at de ikke kan noe. Det er dette jeg
kaller innlært hjelpeløshet. Et vesentlig mål for god omsorg må være å hjelpe
barna til selv å kunne."
Vidare står det:
"Da jeg begynte å arbeide med
de minste barna for mange år siden, så jeg snart at det var nettopp i de
praktiske, daglige omsorgsaktivitetene at små barn lærer. Tradisjonelt har det
som handler om bleieskift, av-påkledning, måltider og lignende vært noe man
bare skulle få unnagjort, for deretter sette igang med en pedagogisk aktivitet.
Men det er jo ingen andre prosesser hvor det ligger så mange
utviklingsmuligheter! Både samarbeid, språk, forståelse av tid og rom,
begrepsutvikling, sansemotorikk og mye annet finnes det jo uante muligheter for
i disse vanlige, daglige omsorgssituasjonene."
"-Barn kan mye, og de kan lære
mye. Barn søker kompetanse! Men de kan også avlæres. Hvis de får tilstrekkelig
med meldinger om hva de ikke kan, og blir hjulpet unødvendig mye, så blir de
hjelpeløse også i situasjoner som de kunne ha behersket utmerket."
I denne forholdsvis korte artikkelen følte eg det stod
så mykje VIKTIG og RIKTIG!
Vi er opptatt av å hjelpe ungane i barnehagen, og det
kan vere vel og bra, men av og til kan vi hjelpe dei for mykje. Før eg starta
prosjektet tenkte eg at det kom til å verte utfordrande og i verste fall
kaotisk når ungane skulle få vere med på det meste sjølv rundt måltid. Det
viste seg å gå så å seie knirkefritt! Vi måtte berre la dei sleppe til.
Læring
I rammeplanen står det at læring skal skje i det
daglege samspelet mellom menneske og miljøet og skal knytast nært med omsorg,
leik og danning. Som artikkelutdraget over óg seier så er det mykje læring i
heilt vanlege kvardagsrutiner, som ved måltidet, og, som Inge Eidsvåg sa, er
læring det heilt essensielle i danningsprosessen.
Nokre eksempel på dette er: grovmotorikk (kome seg opp
og ned frå stolen, gå med frukt, dekke på og av bordet) og finmotorikk (vaske hender,
smørje brødskiva, slå på triangelen, brette opp genseren, stable asjett, kopp,
setje kniv i vaskekorg), hygiene (vaske hender), matte (telje til 3 før
matsong, kor mange koppar, asjettar, knivar), ordforståing (benemning av pålegg
, interiør, dekketøy, namn), turtaking (stå i kø ved vasken, vere dagens
hjelpar kvar sin gong, vente til brødet vert sendt rundt), kva som er mitt og
ditt (kvar sin stol, kvart sitt dekketøy), Språkutvikling generelt ved at vi
pratar mykje med ungane rundt bordet, sosial kompetanse (i samspel med vaksne
og ungar i ulike situasjonar, deltaking i fellesskapet), verte sjølvstendige,
større sjølvskjensle (dei som var redde for til dømes å gå ned frå stolen
–positiv utvikling), høflegheit (takk, kan eg få, versågod), vise omsorg for
kvarandre (hjelpe til å finne stolen til kvarandre)
Omsorg
Innlemma i all læring ligg det og mykje omsorg. Som
det står i rammeplanen ligg det mykje omsorg i å gje barn varierte utfordringar
og rom for meiningsfylte aktivitetar.
At særleg dei ungane som var skeptiske til å prøve nye
ting fekk den tryggleiken og støtta dei trengte frå oss vaksne til å faktisk
tørre prøve.
Å vise omsorg for kvarandre, både vaksne og ungar. Som
då ungane hjelpte kvarandre med å finne sin eigen stol.
Mestring
Å gi ungane følelsen av mestring er viktig for
sjølvkjensla, og vi vaksne må prøve å gi dei positive opplevingar, men også
utfordringar som gir dei moglegheiter til å føle på det å mestre ting.
I alle desse eksempla er og dei fleste fagområda er
dekt.
Det har vore spennande å jobbe med dette prosjektet.
Eit prosjekt gjer at ein vert meir bevisst i jobben ein gjer, og i dette
tilfelle korleis ein sjølv er saman med ungane.
Problemstillinga mi: "Korleis leggje til rette
for meir aktiv deltaking rundt matbordet for ungar 1-2år?" viste seg å
verte ganske enkel å svare på. Vi vaksne måtte berre sleppe til ungane og la
dei få prøve seg sjølv!
Det viktigaste eg føler eg har lært av dette
utviklingsprosjektet er å ta ungane, uansett alder, meir på alvor, la dei
prøve, utforske, utfordre, lære og tenkje «tenk om det går!» J