søndag 30. september 2012

"Klare sjøl!" Utviklingsprosjekt, bloggversjon


Innleiing

I Slidre barnehage der eg jobbar er det 54 ungar fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling for ungar frå 1år til litt over 2 år, kalla Knerten, og to avdelingar med ungar i alderen 2-6 år, kalla Spretten og Raketten.

Eg byrja i barnehagen august 2011 og jobbar på Knerten. Det går til saman 10 ungar på Knerten, og vi er 4 vaksne med ulik stillingsprosent som jobbar der.

Var innom litt ulike temaer før eg bestemte meg. Tenkte fyrst på "ungar 1-2år og utetid". Fyrst og fremst fordi eg syns utetid er viktig, men og fordi vi fekk ei grillhytte i barnehagen i haust som vi på småbarnsavdelinga har vorte flinke til å bruke. Klarte ikkje heilt og tenkje problemstilling/avgrensing av temaet, så droppa den tanken.

Var og inne på tanken "ungar 1-2år og kontakt med dyr". Dette fordi eg sjølv er veldig glad i dyr og meiner dyr/menneske relasjonar er viktig. Sidan det er lite med gardar i umiddelbar nærleik til barnehagen, og dyra ikkje hadde kome ut på beite i "forsøksperioden", så la eg bort den tanken også.

Valet fall til slutt på at ungane på småbarnsavdelinga der eg jobbar skal vere meir deltakande rundt matbordet i barnehagen.

Grunnlaget for det er at det på dei to andre avdelingane i barnehagen er vanleg at ungane er med på gjeremåla rundt matbordet, og eg tenkte at det hadde vore spanande å prøve på dei minste og. Ikkje minst for å gje dei minste litt fleire utfordringar i kvardagen.

 

 Hjelpejente/hjelpegut

I barnehagen er det kvar dag ein unge på kvar avdeling som er hjelpejente/gut. Tidlegvakta heng då opp eit skilt på plassen til den som er dagens hjelpar. På  Knerten har oppgåvene til hjelpejenta/guten vore å gå med ryddesignal(som er triangel), bestemme matsong frå eit matsonghefte, og gå med frukt.

På dei øvrige avdelingane har oppgåvene vore litt fleire, t.d. å hente mattralla på kjøkkenet, dekke på, telle opp før matsong, gå med frukt.

Eg hadde lyst til å sjå om hjelpejenta/guten på Knerten kunne få fleire oppgåver rundt matbordet.

 
Problemstilling

Funderte ei stund på kva overskrifta/problemstillinga på dette prosjektet skulle vere. Sidan det er ein del fokus på ungar si medverknad i dag, så tenkte eg at det hadde sett fint og flott ut å ha med. I rammeplanen står det bl.a. at ungane skal ha rett til medverknad tilpassa sin alder og forutsetjingar. Men etter litt teorilesing og diskusjon med veiledar, fann eg ut at eg følte ordet deltaking vart riktigare for meg å bruke. Orda er brukt litt om kvarandre, og eg kunne nok brukt medverknad òg, men føler at sidan ungane er såpass små, har dei ikkje vore med på ei demokratisk avstemming der dette temaet "vann", det er eg som har bestemt kva dei skal få vere med på og ikkje. Fann derfor ut at ordet "deltaking" var eit meir passande ord. Dei har delteke på gjeremåla rundt matbordet.

Problemstillinga mi vart til slutt: "Korleis leggje til rette for meir aktiv deltaking rundt matbordet for ungar 1-2år?"

Det som er spennande med dei minste ungane i barnehagen, syns eg, er at sjølv om dei fleste ikkje har så mykje språk, så får dei med seg mykje meir enn det vi kanskje trur, og det overraskar meg stadig vekk. Vi vaksne trur gjerne at vi må hjelpe dei med det meste (til dømes løfte dei opp i stolen), og vi tek fort avgjerder for dei (til dømes kva dei skal ha på brødskiva). Eg hadde lyst til å sjå på kva ungane kan vere med å gjere og bestemme sjølv, og ikkje minst om dei viste interesse og lyst til å vere med meir sjølv.

Problemstillinga mi er ganske konkret og avgrensa, men rundt den timen mat står på programmet er det veldig mykje som skjer og mykje å ta tak i. Læring, grov og finmotorikk, språkutvikling, hygiene, mat (prøve forskjellige ting), telje, matte, vente på tur/turtaking, lære seg og dele, sjølvskjensle er nokre av punkta som går inn i prosjektet her.

 

 Beskriving av prosjektet

Det var ikkje så mykje forarbeid som skulle til for å få utførd dette utviklingsprosjektet. På avdelingsmøte kom eg med mine tankar rundt prosjektet, og dei andre vaksne på avdelinga var positive til forslaget mitt. Dei hadde også prøvd dette før med at ungane er meir deltakande på vårparten når ungane har gått ei stund i barnehagen.

 For å utføre prosjekt må alle dei vaksne på avdelinga vere med i prosessen. Det viktigaste tiltaket, føler eg, var at alle dei vaksne måtte vere bevisste på at ungane skulle få delta meir.

Eg satt opp ein del punkt som vi vaksne skulle vere bevisste på å gjennomføre:

-Hjelpegut/hjelpejente skal:

Vaske hendene fyrst

Vere med å hente tralla med mat og bestikk på kjøkkenet

Vere med å dekke på

Seier ifrå til dei andre ungane, som har samling, at maten er klar

Bestemme matsong frå matsongheftet, og teller opp før song

Går med frukt

Køyre tralla inn på kjøkkenet etter mat

 

-Alle ungane etter samling

Dra opp genseren sjølv, vera klar til vask av hendene

Stille seg i kø ved vaskerenna

Ta på såpe sjølv, vaske seg og tørke hendene sjølv

 

 

-Alle ungane ved bordet

Finne sin eigen stol (alle har sitt bumerke og namn bak på stolen sin)

Kome seg opp på stolen sjølv (i alle fall dei utan bøyle på stolen)

Hendene i fanget ved matsong

Forsyne seg med brød sjølv

Smørje smør på brødskiva, velje pålegg

Helle i mjølk sjølv

Vi vaksne må prøve å vere bevisste på at ungane kan prøve seg på nokre høfligheitsfraser som "takk", "kan eg få", kan du sende, "takk for maten" o.s.b. (Dette gjeld jo ikkje så mange av dei, sidan dei fleste har begrensa språk, men viktig at vi vaksne brukar desse orda!)

 

-Alle ungane etter maten

Seie takk for mat

Gå ned av stolen sjølv

Rydde bort tallerken/kniv/kopp og setje dette på tralla

 

Det viktigaste er at vi vaksne er bevisste på at ungane kan få prøve seg! Det er veldig lett å "gå i fella" og berre gjere ting for dei.

 

Det vart førd ein logg over spesielle hendingar som skjedde. Utvikla ting seg negativt/positivt? Er ungane aktivt med? Nokre meir enn andre? osv.osv.

 "Forsøksperioden" var f.o.m. veke 10 t.o.m. veke 13, men sidan dette er fin læring for ungane, gjorde vi mykje av dette før forsøksperioden, og vi har fortsatt "i same sporet" etter forsøksperioden.

Ungane på Knerten er ein herleg gjeng, og alle ser på utfordringar ulikt. Nokre kastar seg ut i det, nokre ser ut til at dei aldri har gjort anna enn å få utfordringar, mens nokre er meir skeptiske og lurer på om dei i det heile skal tørre prøve noko nytt. Derfor var eg usikker på før eg starta om alle ville ta imot utfordringane vi ga dei. Vi starta fyrste dagen med å utføre alle punkta som nemnt over. Nokre av punkta var jo ungane vant med å gjere, mens nokre var heilt nye. Det gjekk over all forventning!

Som nemnt vart det førd ei lita loggbok over hendingar.  I den står det at dei fleste fyrste dagen sat kopp/asjett/bestikk på tralla sjølv- og det lyste stoltheit av dei. Ein av ungane gjekk til og med rett bort til matsøpla og kasta appelsinskalet sitt før han sette asjetten på tralla, utan oppfordring av oss vaksne. Det som forundra oss litt denne dagen var at hjelpejenta ikkje ville gå med frukt. Dette er ei av oppgåvene dagens hjelpar har hatt heile året, og ingen av oss vaksne har opplevd at nokon har sagt nei til dette.

Dei neste dagane skjer det stadig forandringar, og fellesnemnaren er at ungane viser at dei syns dette er kjempeartig! Det vert meir stas å vere dagens hjelpar, med dei oppgåvene det har med seg, fleire går uoppfordra til søppelbøtta og kastar restane på asjetten sin, og stabling av koppar er stas. Nokre av ungane kan bumerke til alle dei andre ungane, og hjelpar kvarandre gjerne med å finne rett stol. Samtidig er det også nokre av ungane som syns det å finne bumerke sitt på stolen er vanskeleg. Det kan verte mange rundar rundt bordet før dei finn rett stol, gjerne med litt rettleiing av vaksen og berre ein ledig stol att. Fyrst etter 3 veker klarte alle å finne sin eigen stol. Ei syns det å kome seg opp og ned frå stolen sjølv er rett og slett skummelt. Men ifølgje loggboka klarar ho etter ei veke å kome seg fint opp og ned av stolen sjølv, og er generelt flinkare til å prøve ting sjølv utan hjelp av ein vaksen. Å stå i kø ved vaskerenna før vask er kanskje noko av det mest utfordrande for alle. Det vert fort krangling, og alle ville fyrst i køen. Her måtte det mykje vaksenhjelp til. Sidan det berre er 2 vasskraner fann vi ut at vi ikkje kunne sleppe alle frå samling samtidig, men maks 4 om gongen, og at det då vart berre 2 som venta på tur om gongen. Dette fungerte til tider bra.

Alt dette viser at ungar treng ulike utfordringar i kvardagen og at gjeremål som er lett for nokon, kan vere vanskeleg for andre. Eg føler at i dette prosjektet har det vore mange ulike utfordringar for alle, alle har fått bryna seg litt. Vi vaksne har også fått utfordre oss, ikkje minst fordi ungane og har vorte meir bevisste på kva dei vil klare/prøve sjølv. Har vi til dømes prøvd oss på å smørje smør på brødskiva til nokre av ungane, har vi fått rask tilbakemelding: «klare sjøl!».

Mange av ungane drakk av tutekopp før prosjektet, og det var mykje leik og søl med desse koppane. På slutten av prosjektperioden fekk alle ein dag vanlege koppar å drikke av. Vi var innstilt på mykje søl, men alle drakk av koppane som om dei ikkje hadde gjort anna!

Vi har også erfart at det er viktig at vi vaksne benemnar kva t.d. pålegget heiter når vi spør kva dei vil ha på brødskiva. Det er lett å peike på diverse pålegg og seie: «vil du ha slik? Eller vil du ha den? For dei som ikkje hadde godt språk samla vi gjerne ein del pålegg framfor dei slik at dei kunne velje sjølv. Det same gjorde vi under pådekking, der kvart pålegg som vart lagt på bordet vart nemnt med namn.

Det er ikkje berre rundt matbordet ungane har vorte meir sjølvstendige. Mange av dei har vorte bevisste på å klatre opp på stellebordet sjølv, prøve seg på do, og prøve seg på påkledning. Dette er jo ei naturleg utvikling for dei fleste ungane, men ved å ha eit slikt prosjekt vert både ungar og vaksne meir bevisste i forhold til å prøve sjølv og la dei prøve seg sjølv. Det å opparbeide sjølvskjensle er viktig!

Det er ikkje alle punkt som er gjennomførd. Det å ta på såpe sjølv vart for vanskeleg. Klemmemekanismen på såpehaldaren var for hard til at dei greidde å klemme på den sjølv. Dette kunne vi gjort noko med ved å bytte behaldar med enklare mekanisme, men sidan vaskerenna er i gangen der vi kler på oss, og vatn generelt er veldig artig, fann vi ut at ulempene med mykje gris av såpe vart større enn fordelane ved at dei kunne ta såpe sjølv.

Hadde og satt opp eit punkt om at dei skulle helle i mjølk sjølv. Dette vart heller ikkje gjennomførd sidan mjølkekartongane er litt vanskelege å halde i. Men dei var av og til med og heldt i han saman med ein vaksen. 

Det er heller ikkje alle dagar det er lett å gjennomføre det ein har tenkt. Ein barnehagedag er aldri lik, og nokre dagar er meir utfordrande enn andre. Det er og slik at vi vaksne er forskjellige, og nokre er meir bevisste på korleis ein brukar eit slikt prosjekt til det beste for ungane og seg sjølv, enn andre.

 
Refleksjonar og vurderingar

Det var viktig for meg at temaet eg valde var til det beste for ungane. Sidan ungar i 1-2 års alderen som oftast er veldig utforskande og lærevillige, og at dei større ungane syns det å hjelpe til er stas, så var eg ganske sikker på at dette kom til å verte bra. Men sidan ungane ikkje har vore med og bestemt, og at ungar er ulike, var det ein viss risiko for negativ respons.

Det viste seg jo å verte ein fulltreffar med uante mange læringssituasjonar! I rammeplanen står det óg at: "Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte oppunder og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning. Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet og heng nært saman med leik, omsorg og danning. Barn kan lære gjennom alt dei opplever og erfarer på alle område."

Når ein byrjar å lese og setje seg inn i teorien ser ein at ein kunne skrive mykje om mange tema knytt til denne oppgåva. Eg har prøvd å skrive litt om noko av det eg meiner er viktig.

 

Då vi skulle finne inspirasjon til påskepynt fann pedagogisk leiar eit blad, Verktøykassa, med mykje fine idear i. Då eg bladde litt vidare i bladet fann eg ein artikkel med overskrift: «La de minste klare det selv». Det var midt i blinken for mitt prosjekt!  

I artikkelen står det at:

_"Barn har stor tilpasningsevne, og dersom de behandles som passive gjenstander for de voksnes effektive omsorgsrutiner, kan de fort lære seg at de ikke kan noe. Det er dette jeg kaller innlært hjelpeløshet. Et vesentlig mål for god omsorg må være å hjelpe barna til selv å kunne."

Vidare står det:

"Da jeg begynte å arbeide med de minste barna for mange år siden, så jeg snart at det var nettopp i de praktiske, daglige omsorgsaktivitetene at små barn lærer. Tradisjonelt har det som handler om bleieskift, av-påkledning, måltider og lignende vært noe man bare skulle få unnagjort, for deretter sette igang med en pedagogisk aktivitet. Men det er jo ingen andre prosesser hvor det ligger så mange utviklingsmuligheter! Både samarbeid, språk, forståelse av tid og rom, begrepsutvikling, sansemotorikk og mye annet finnes det jo uante muligheter for i disse vanlige, daglige omsorgssituasjonene."

 

"-Barn kan mye, og de kan lære mye. Barn søker kompetanse! Men de kan også avlæres. Hvis de får tilstrekkelig med meldinger om hva de ikke kan, og blir hjulpet unødvendig mye, så blir de hjelpeløse også i situasjoner som de kunne ha behersket utmerket."

I denne forholdsvis korte artikkelen følte eg det stod så mykje VIKTIG og RIKTIG!

Vi er opptatt av å hjelpe ungane i barnehagen, og det kan vere vel og bra, men av og til kan vi hjelpe dei for mykje. Før eg starta prosjektet tenkte eg at det kom til å verte utfordrande og i verste fall kaotisk når ungane skulle få vere med på det meste sjølv rundt måltid. Det viste seg å gå så å seie knirkefritt! Vi måtte berre la dei sleppe til.

Læring

I rammeplanen står det at læring skal skje i det daglege samspelet mellom menneske og miljøet og skal knytast nært med omsorg, leik og danning. Som artikkelutdraget over óg seier så er det mykje læring i heilt vanlege kvardagsrutiner, som ved måltidet, og, som Inge Eidsvåg sa, er læring det heilt essensielle i danningsprosessen.

Nokre eksempel på dette er: grovmotorikk (kome seg opp og ned frå stolen, gå med frukt, dekke på og av bordet) og finmotorikk (vaske hender, smørje brødskiva, slå på triangelen, brette opp genseren, stable asjett, kopp, setje kniv i vaskekorg), hygiene (vaske hender), matte (telje til 3 før matsong, kor mange koppar, asjettar, knivar), ordforståing (benemning av pålegg , interiør, dekketøy, namn), turtaking (stå i kø ved vasken, vere dagens hjelpar kvar sin gong, vente til brødet vert sendt rundt), kva som er mitt og ditt (kvar sin stol, kvart sitt dekketøy), Språkutvikling generelt ved at vi pratar mykje med ungane rundt bordet, sosial kompetanse (i samspel med vaksne og ungar i ulike situasjonar, deltaking i fellesskapet), verte sjølvstendige, større sjølvskjensle (dei som var redde for til dømes å gå ned frå stolen –positiv utvikling), høflegheit (takk, kan eg få, versågod), vise omsorg for kvarandre (hjelpe til å finne stolen til kvarandre)

Omsorg

Innlemma i all læring ligg det og mykje omsorg. Som det står i rammeplanen ligg det mykje omsorg i å gje barn varierte utfordringar og rom for meiningsfylte aktivitetar.

At særleg dei ungane som var skeptiske til å prøve nye ting fekk den tryggleiken og støtta dei trengte frå oss vaksne til å faktisk tørre prøve.

Å vise omsorg for kvarandre, både vaksne og ungar. Som då ungane hjelpte kvarandre med å finne sin eigen stol.

Mestring

Å gi ungane følelsen av mestring er viktig for sjølvkjensla, og vi vaksne må prøve å gi dei positive opplevingar, men også utfordringar som gir dei moglegheiter til å føle på det å mestre ting.

 

I alle desse eksempla er og dei fleste fagområda er dekt.

 

 Konklusjon

Det har vore spennande å jobbe med dette prosjektet. Eit prosjekt gjer at ein vert meir bevisst i jobben ein gjer, og i dette tilfelle korleis ein sjølv er saman med ungane.

Problemstillinga mi: "Korleis leggje til rette for meir aktiv deltaking rundt matbordet for ungar 1-2år?" viste seg å verte ganske enkel å svare på. Vi vaksne måtte berre sleppe til ungane og la dei få prøve seg sjølv!

Det viktigaste eg føler eg har lært av dette utviklingsprosjektet er å ta ungane, uansett alder, meir på alvor, la dei prøve, utforske, utfordre, lære og tenkje «tenk om det går!» J

søndag 4. mars 2012

Praksisforteljing

Praksisforteljing

På småbarnsavdelinga er det ungar frå 1 år til 2 1/2 år.
I samlingar og elles har vi bl.a hatt fokus på kroppen vår og rim og reglar, gjerne i kombinasjon. Ein variant av det er regla "panneben, øyesten, nesetipp, munnelipp, haketipp, dikkedikkedikk (ungane vert kila under haka)
Runa, 1år og 9mnd, sit litt for seg sjølv i ein krok og leikar med ei dokke. Mari, som jobbar på avdelinga, registrerar at ho sit med dokka på fanget og pratar. Mari går nærmare og ser at Runa peikar på panna, augene, nesa, munnen, haka til dokka, mens ho "bablar". Til slutt kiler ho dokka under haka og seier "dikkedikk", ler og seier "mere"! Så byrjar ho på nytt.
Dette gjentar seg fleire gonger.
Etterkvart vert nokre av dei andre ungane merksame på kva Runa gjer, dei kjem bort i kroken der ho sit og viser tydeleg til Mari at dei vil ho skal ta regla på dei.Runa gir seg med dokkeleiken, men vert med dei andre.
Det vert ei latterfull stund i kroken.


Eigne refleksjonar

Det vert ein del synsing og gjetning når ein skal analysere ei praksisforteljing syns eg. Ingen kan vite kva Runa tenkjer eller vil med denne aktiviteten, men her er mine tankar rundt dette, ispedd litt litteratur.


Eg syns denne praksisforteljinga viser tydeleg at ungane på småbarnsavdelinga får med seg meir enn vi vaksne av og til trur. Denne regla har vi akkurat byrja med og hatt den 4-5 gonger i samling, og litt meir med nokre ungar utanfor samling. Den fenga med ein gong. Dei er med og peikar på kroppsdelane sine og syns det er kjempestas visst vi kilar dei under haka tilslutt.Dei fleste, bl.a Runa, vil gjedne at vi gjentar regla fleire gonger og seier då "mere". Ein kjempefin måte å lære om kroppen sin! I rammeplanen står det at "gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne".


Runa hadde funne seg ein plass på "madrassofaen" vi har i ein krok på avdelinga. Ho ville kanskje ha litt plass for seg sjølv og dokka. Då dei andre ungane kom bort til ho ga ho seg, men ville gjedne vere med då Mari tok regla på dei andre ungane. Eg trur det er viktig å ha stor nok plass/tilrettelagd plass på avdelinga til at ungar kan trekkje seg litt unna dei andre og gjere noko for seg sjølv. I rammeplanen står det at "småbarn har stort behov både for tumleplass ute og inne og plass til ro og konsentrasjon".


Runa har ikkje leika så mykje med dokker før, men har akkurat vorte storesyster, og det ser ut som om interessen for dokker har auka etter det. Ho fylgjer kanskje med heime mhp stell osv, og ho har vel ein form for rolleleik med dokka. I boka "Barndom, barnehage, inkludering" står det at: "man kan kanskje si at "late som leken" eller rollelek betraktes som en god lek fordi man, ifølge Sutton-Smith(1997), har sett for seg at barn øver seg på å bli voksne i denne leken. I same boka meiner derimot Gadamer at "leik berre skjer" og at det å leike derfor ikkje vil utvikle ungar til å verte som oss vaksne. Dette viser at det er svært ulike meiningar om same tema i teorien.


Det er også viktig at vi vaksne på avdelinga er aktive og ser små og store hendingar i ein hektisk kvardag, slik som Mari her gjorde. Dette er kanskje særleg viktig på ei småbarnsavdeling, der dei fleste ikkje har (forståeleg) språk, men brukar kroppspråket aktivt. I boka "Småbarnspedadogikk og praksisfortellinger" står det at det er grunnlag for å tru at kunnskapen om små barn og deires mangfoldige liv er mangelfull og: "derfor er det en utfordring for personalet å utvikle barnehagens pedagogiske innhold slik at det møter de yngste barnas behov og særegne væremåte". Det er derfor viktig at det å jobbe på ei småbarnsadeling ikkje vert ei "sovepute", men at ein tvert imot har auger og øyrer opne heile dagen og lærer seg å kjenne/lese dei minste i barnehagen som ikkje verbalt kan uttrykkje seg.


Stunda utvikla seg til å verte ei positiv oppleving for heile barnegruppa. I rammeplanen  står det bl.a:"Barnehageinnhaldet skal utformast slik at både det enkelte barnet og gruppa opplever det som meiningssfylt. Omsorgs-og læringsmiljøet i barnehagen skal fremje trivsel, livsglede, meistring og kjensla av eigenverd hjå barnet". Eg føler vi har fått til akkurat dette med denne enkle regla.


Denne forteljinga viser at temaet kroppen/reglar fengjar ungane, og at vi dermed bør jobbe meir rundt dette. I Rammeplanen står det at: "ei veksling mellom bruk av kropp, rørsle, og ord er ei støtte for talespråkutviklinga". Det vi har merka på avdeliga etter at vi byrja med denne regla, er at ungane peikar på f.eks munnen, så svarar vi at "der er munnen din", og då prøvar dei å seie "munnen". Det ser ut til at dei syns det er artig å lære, sjølv om det for dei kanskje berre er leik?   

Referanseliste

Fennefoss, A.T. og Jansen K.E.(2010): Småbarnspedagogikk og praksisfortellinger, pedagogisk dokumentasjongjennom tolkning og analyse

Korsvold, T.(red) (2011): Barndom, barnehage, inkludering

Kunnskapsdepartementet (2011): Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen

onsdag 25. januar 2012

Ny samling

Ny samling, nye moglegheiter...
Sist gong var mest generell info, det er no det startar.
Det som er mest utfordrande syns eg, er utviklingsarbeid i eigen barnehage.
Håpar temaet snart er på plass så tankeprosessen kan starte.